Velkomen til heimesida vår.
Øving 13.10.09.
Kvinnherad Folkemusikklag
Her kan du lesa om laget vårt, kven som er medlemar og kva me driv med. Du kan og skriva ei helsing til oss i gjesteboka vår.

Heimesida vert redigert av Arne Sunde. Har du merknader om feil eller oppdateringar så send E-post til arne.sunde@knett.no


08.05.2012
Hei alle saman
Den 16. mai kjem Ringkøbing Amts Spillemænd frå Danmark på besøk til Kvinnherad. (tilsaman 38 stk.)
Dei kjem seint onsdag kveld og skal bu på Rosendal hyttetun på Løfall. 17.mai vert dei i Rosendal og skal opptre både der og på Seglem skule. 
18. mai vil eg syna dei rundt i Rosendal og nabobygdene.

Om kvelden 18.mai kl. 19.00 inviterer Kvinnherad Folkemusikklag til fest i Olaløo i Mauranger. Også ikkjespelande medlemer og andre interesserte er hjarteleg velkomne dit. Sal av rømmegraut og spekemat. 
Dersom det vert fint vær, går vi til Bondhusvatnet og får sendt opp instrumenta med bil slik at vi kan spela litt der. Oppmøte ved vatnet kl. 17.30.
Laurdag 19.mai vil Egil ta gjestene med til ytre luten.
Eg ser fram til hyggelege dagar med danske spelemenn.

Med venleg helsing
Arne Sunde

Heimesida til dei danske gjestene er:
http://ras-spillemand.dk/


20.04.2012
Hei Folkemusikkvener!
I regi av Folkemusikkveka arrangerer fylkesmusikkarane i samarbeid med Kulturkontoret i Rosendal 5 tysdagskveldar i både spel og dans.
 
NB! fyrste kurskveld vert ein onsdag.

Det er i utgangspunktet tenkt eit spelemannskurs med slåttar, men kanskje dei deler kurset i to når dei ser kven som er påmeld.
Det er pr. i dag påmeld 12 personar til spelemannskurset. 5 av dei har særleg nevnt dette med slåttespel.
Kursa skal vera samstundes og går føre seg i Uskedalen.

Tidspunkta er:  2. mai (onsdag)  -  8. mai  -  15. mai  - 22. mai  og 
5. juni.
29. mai går ut. Den dagen skal det vera konsert med Jon Faukstad og Per Sæmund Bjørkum som vi reknar med at mange vil høyra på.

Det er førebels ingen som har meld seg til dansekurs.

Påmeldingsfristen går eigentleg ut den 20. april, men den kan tøyast i.

Kan alle vera med å reklamera for kursa? Det er ein unik sjanse til å få litt blest om folkemusikk og dans.

Helsing frå Karin etter oppmoding frå Kristian Bringedal og Arne Sunde.

06.03.2012
Oversikt over det nye styret for 2012 og Årsmelding for 2011 er lagt inn no.

03.01.2012
Folkemusikkveka i Kvinnherad  20. - 27. oktober 2012
Framlegg til vekeplan.
Sjå under: Aktuelle linkar - Diverse




KRISTIAN BRUÅSDAL FYLTE 90 ÅR DEN 3. AUGUST. 

Laget ble bedt på flott fest i Snikkeriet i lag med familen og andre vener. Det vart ei svært hyggelig feiring.

LEIAR OPPNEMNDE KRISTIAN TIL LAGET SITT FØRSTE ÆRESMEDLEM.
 Kristian har ein fantastisk god hugs og godt gehør. Det er han som kjem i hug låtane vi andre gløymer. Framleis lærar han seg nye slåttar etter noter og spelar godt på Hardingfela. Han har vore med i laget sidan starten i 1993, og vore ein perfekt kasserar i dei fleste av desse åra.



Landskappleiken 29.juni -3.juli i 2011 i Seljord
Kari Malmanger gjorde ein kjempejobb i klassa vokal A på fredag. Ho fekk 124 poeng og kom på fjerde plass. Kari syng for Kvinnherad Folkemusikklag og for Sogn spel og dansarlag. Vi  gratulerer og er svært stolte av å ha Kari  med oss!

  
Vil du vera med å støtta laget vårt ?
Du kan no vera direkte medlem lokalt.
Overfør kr. 100,- til kto.3460.20.52593 og skriv medl.pengar for 2011.
Når du tippar/lotto kan du støtta oss med "grasrotandelen".
Laget har reg.nr.993 758 019.

               

Historikk

Laget vart stifta i 1975 med namnet Kvinnherad Spelemannslag.

På bilde ved sida ser me bak frå venstre Jan Birger Foss, Arne Djuvsland og Nils Tislevoll. Framme frå venstre  Torleiv Borvik, Torbjørn Frøystein og Knut Aarsand. 
Første styret i laget var Jan Birger Foss, Knut Aarsand og Nils Tislevoll.
Knut Aarsand var den første musikalske leiaren.
 


Neste fase
Laget låg nede frå 1984 til 1992. Då det starta oppatt fekk det namnet Kvinnherad Folkemusikklag.

På bildet ser me frå venstre Arne Djuvsland, Svale Naterstad, Laila B Seglem, Kristian Bruåsdal, Ingunn Kroka og Arne Draugsvoll.

Arne Draugsvoll har vore musikalsk leiar for laget etter oppstarten i 1992.