 |
 |
|
 |
 |
|
|
 |
Øving 13.10.09.
Kvinnherad Folkemusikklag
Her kan du lesa om laget vårt, kven som er medlemar og kva me driv med. Du kan og skriva ei helsing til oss i gjesteboka vår.
Heimesida vert redigert av Arne Sunde. Har du merknader om feil eller oppdateringar så send E-post til arne.sunde@knett.no
03.01.2012 Folkemusikkveka i Kvinnherad 20. - 27. oktober 2012 Framlegg til vekeplan. Sjå under: Aktuelle linkar - Diverse
KRISTIAN BRUÅSDAL FYLTE 90 ÅR DEN 3. AUGUST.
Laget ble bedt på flott fest i Snikkeriet i lag med familen og andre vener. Det vart ei svært hyggelig feiring.
LEIAR OPPNEMNDE KRISTIAN TIL LAGET SITT FØRSTE ÆRESMEDLEM. Kristian har ein fantastisk god hugs og godt gehør. Det er han som kjem i hug låtane vi andre gløymer. Framleis lærar han seg nye slåttar etter noter og spelar godt på Hardingfela. Han har vore med i laget sidan starten i 1993, og vore ein perfekt kasserar i dei fleste av desse åra.
Landskappleiken 29.juni -3.juli i 2011 i Seljord
Kari Malmanger gjorde ein kjempejobb i klassa vokal A på fredag. Ho fekk 124 poeng og kom på fjerde plass. Kari syng for Kvinnherad Folkemusikklag og for Sogn spel og dansarlag. Vi gratulerer og er svært stolte av å ha Kari med oss!
Vil du vera med å støtta laget vårt ? Du kan no vera direkte medlem lokalt. Overfør kr. 100,- til kto.3460.20.52593 og skriv medl.pengar for 2011. Når du tippar/lotto kan du støtta oss med "grasrotandelen". Laget har reg.nr.993 758 019.
Historikk
Laget vart stifta i 1975 med namnet Kvinnherad Spelemannslag.
På bilde ved sida ser me bak frå venstre Jan Birger Foss, Arne Djuvsland og Nils Tislevoll. Framme frå venstre Torleiv Borvik, Torbjørn Frøystein og Knut Aarsand. Første styret i laget var Jan Birger Foss, Knut Aarsand og Nils Tislevoll. Knut Aarsand var den første musikalske leiaren.
Neste fase
Laget låg nede frå 1984 til 1992. Då det starta oppatt fekk det namnet Kvinnherad Folkemusikklag.
På bildet ser me frå venstre Arne Djuvsland, Svale Naterstad, Laila B Seglem, Kristian Bruåsdal, Ingunn Kroka og Arne Draugsvoll.
Arne Draugsvoll har vore musikalsk leiar for laget etter oppstarten i 1992.
|
|
|
 |