Kvinnherad Folkemusikklag
Årsmelding for 2008
Styret/tillitsvalde
Desse har sete i styret:
Magnar Eide Leiar (På val)
Kristian Bruåsdal Kasserar (På val)
Laila Seglem Sekretær
Arne Draugsvoll Styremedl.
Arne Sunde Varamedl.
Karin Thauland Varamedl. (På val)
Andre grupper:
Valnemnd: Karin Thauland, Jakob Gjerde
Revisorar:Arne Draugsvoll, Øyvind Hardeland
Repertoarnemnd: Arne Draugsvoll, Magnar Eide, Birger Moss
Utval for oppl./rekruttering: Egil Våge, Laila Seglem, Irene Bjørke
Musikalsk leiar: Arne Draugsvoll
Møter/styremøter
Etter årsmøte i februar 2008 har me hatt 4 styremøter,- 2 hjå Laila og 2 korte møte i samband med øving. Det har dessutan vore diskutert saker på tradisjonelt vis i matpausen på øvingane.
Medlemstal
På grunn av omlegging av datasystemet til LfS vart innbetalingar av kontingent og oppgjer til laget svært forseinka i 2008. Me har pr.31.12.08. ikkje fått oppgjer for dei som var seint ute med innbetalinga. Men me skal ha 23 betalande medlemer i laget.
Talet ved forrige årsskifte var 25.
Når / om vedtektene vert vedtekne på årsmøtet, vil me opna for at støttemedlemer/
passive medlemer kan betala lagskontingent direkte. Dette vil kunna gje oss fleire støttemedlemar.
Aktivitetar
Øving o.l.
Me hadde faste øvingar kvar onsdag frå og med 9.januar til og med 27.aug. Frå og med 2.september har me øving kvar tirsdag.
Med øvingskveldar og andre speleoppdrag har me vore samla 42 gonger i 2008.
I gjennomsnitt har me vore 8 deltakarar på samlingane.
Reising/Festivalar
10 av medlemene våre var innom Blømingsfestivalen 23.-25. mai. Me var ikkje med i konkuransespeling og det vart heller ikkje dansespeling på oss.
Landskappleiken var i 2008 på Oppdal 25.-29. juni. Kari Malmanger deltok og vart nr.5 i Vokal, klasse B. Det vart ikkje at andre frå laget reiste på kappleiken.
Landsfestvalen var på Skjåk 16.-20. juli. Dagfrid var den einaste av oss som var på visitt.
Vestlandskappleiken var på Voss 10.-12. oktober. Irene stillte i klasse C-hardingfele og vart nr 9. Elles møtte Arne D , Kristian og Arne Jordan. Magnar var og innom og høyrde på Irene.
Arrangement
7. februar stod laget for konsert med ”Ullsokk & Stilett” i amfiet på Malmanger skule.
25. oktober baud laget inn til folkemusikkveld i ”Snikkeriet” i Rosendal.
Speleoppdrag.
2. februar spelte me for Sigvald Eik då han fekk tildelt kulturprisen i Uskedalen.
13. februar spelte me i ”Raualøo” for Røde kors sine pasientvener.
13.mars spelte me for Søral-pensjonistane i kulturhuset på Husnes.
20.sept. spelte me til ei markering ved turstien i Guddal.
8.oktober var me på Husnestunet med pasientvenene.
10.november spelte me til trimdans i kulturhuset på Husnes.
10.desember spelte me til ”2 kryss” i ”Snikkereiet”.
Opplæring /Utlån av feler/Rapport frå Utval
Styret gjekk i møte den 7.mai 2008 inn for å oppretta eit utval for opplæring og rekruttering. Dei disponerer 4 stk feler som er utlånt:
Fele laga av Einar Løndal utlånt til Ragnhild Handeland ( frå desember 2008)
Fele laga av Erling Aanung utlånt til Gina Albrethson
Fele 3/4 laga av Martin Seim utlånt til Venke Iren Bjelland Holmedal
Fele laga av Edvin Flåm utlånt til Oda Albrethson
Styret har bevilga inntil kr.15000,- inkl. dei kr.9000,- som som laget fekk i tilskot til ei utlånsfele til. Utvalet har til no ikkje gjort bruk av desse midlane.
Arne Draugsvoll har lånt bort ein boge til ei av utlånsfelene. Det må difor skaffast ny boge slik at Arne får sin tilbake.
I sitt arbeid med rekruttering / opplæring har utvalet planar om eit semester/helgakurs om ikkje lenge.
Ellers må det nemnast at Irene har fått istand opplæring på hardingfele i kulturskulen. Ho har hatt 4 elevar som diverre no ved årskiftet er redusert til 2. (Ragnhild Handeland og Gina Albrethson)
Heimesida.
Frå mai 2008 har laget vårt vore på nett med eiga heimeside. Løysinga er nokso enkelt bygt opp og begrensa i måten å presentera stoffet, men er likevel godt motteken og mykje besøkt. Reknar med at det er positivt for laget. Men det stiller krav til oppfylgjing av ei slik side. Alle vert oppfordra til å bidra med innspel. Tenk marknadsføring av laget og folkemusikken !
Økonomi/Rekneskap/Eiga
Av rekneskapen framgår at me har kr. 28570,39 i rørleg kapital mot kr. 25610,81
året før.
Av kapitalen i bank på kr. 24.248,39, må ein merka seg at kr.9000,- av desse midlane er tilskot til kjøp av utlånsfele.
I summen ”tilgode av debitorar” på kr.1930,- inngår mellom anna at Arne Draugsvoll skuldar kr. 2000,- for fela han bytte med laget for ei tid tilbake.
Laget har ogso tilgode oppgjer frå LfS for 4 medlemer, dvs kr.400,-.
Tilskotsordningar.
På årsmøtet ifjor gjorde Kristian merksam på at ein måtte passa på å søkja om midlar som ein kan ha krav på. Dette er også teke med i vedtektene som eindel av styret si oppgåve. Det er viktig at ein her får innarbeidde rutinar,- spesielt for å søkja om vaksenopplæringsmidlar som har faste fristar 1.juli og 1.januar kvart år.
Det vart sendt ein søknad i all hast til 1.juli 2008, men pga rot med adresser er dette ikkje ordna fullt ut pr.dags dato. Det vert no sendt søknad litt for seinka for vårsemesteret.
Som kjent var me heldige og fekk innvilga kr.9000,- etter søknad på det som kallast FRIFOND .
Me hadde ogso søknad om midlar hjå hjå Sparebank 1 som vart avslått.
Generelt
Styret vurderer året som er gått som eit middels aktivt år. Av ymse årsaker,-mellom anna store avstandar, vart det lite festivaldeltaking. Folkemusikkvelden som vart arrangert tykkjer me var eit godt tiltak, sjølv om oppslutnaden frå publikum var dårleg.
Ekstremveret får ta noko av skulda for manglande oppslutnad. At me har fått heime-side og vedtekter for laget ser me og som positivt. For framtida så er målet om å få fleire faste felespelarar det viktigaste.
- Styret -