Speling på Julemarknaden i Rosendal 2. des. 2011
Kvinnherad Folkemusikklag spelte i marknadskafeen under Julemarknaden i Rosendal 2. des. 2011
Kvinnherad Folkemusikklag spelte i marknadskafeen under Julemarknaden i Rosendal 2. des. 2011
Musikkseminar og dansespeling på Rullestad 23. - 25. sept. 2011
Referat manglar
Kvinnherad Folkemusikklag var på musikkseminar og dansespeling på Rullestad 23. - 25. sept. 2011
Kvinnherad Folkemusikklag var på musikkseminar og dansespeling på Rullestad 23. - 25. sept. 2011
Kristian fylte 90 år 3.august
KRISTIAN BRUÅSDAL FYLTE 90 ÅR DEN 3. AUGUST.
Laget ble bedt på flott fest i Snikkeriet i lag med familen og andre vener. Det vart ei svært hyggelig feiring.
LEIAR OPPNEMNDE KRISTIAN TIL LAGET SITT FØRSTE ÆRESMEDLEM. Han har vore med i laget sidan starten i 1993, og vore perfekt kasserar i dei fleste av åra.
GRATULERER OG TAKK FOR FESTEN
Stilig jubilant
Stilig jubilant
Årsmøte 2011.
Årsmøte 2011 vart avvikla 4.februar 2011 på Rullestad. Me hadde 18 medlemar med oss til Rullestad og dessutan hadde Irene med seg 3 speleveninner. Flotte hytter, utmerka møterom og festlokaler samt god mat gjorde opphaldet svært vellukka. Etter noko forsenking pga ver- og føreforhold vart årsmøte gjennomført utan store problem. Valkomiteen hadde gjort jobben sin og mellom anna skaffa ny leiar til laget. Magnar Eide hadde sagt frå seg attval og Arne Sunde tok på seg vervet som ny leiar. Viser ellers til referat frå årsmøtet. Irene og Co imponerte med spesiell flott turnemusikk. (Sjå og nokre bilete som vår trufaste fotograf Toralv har teke.)
Me sjølve spelte til dans.
Dansespeling på Husnes 17.jan.2011.
Mandag 17. januar 2011 spelte me til "Trimdansen" i kulturhuset på Husnes. Ca 70 deltakarar. Fekk kr.1200 for jobben.
Speling i Rosendal 18.12.2010.
Me spelte i "handlegato" i rosendal 18.desember 2010. Det var spesielt Magnhild Berge dei ynskte å få med oss. Ho vart kjendis då ho fekk tildelt kulturstipend ei tid tidlegare.
Speling for 2 kryss 15.des.2010.
Tradisjonen tru vart me også i år bedne om å spela for " 2 kryss " sitt julebord på "Snikkeriet". Me stillte 7 "mann" sterke og spelte både til lying og dans. Dessutan hadde me med oss Magnhild som sette ein ekstra spiss på underhaldinga med sin vakre song. Som vanleg vart me traktert med kaffi og dessert.
Speling i Uskedalen 28.nov.2010
"Røysterett for alle" skipa til førjulstilstelling i aktivitetshuset i Uskedalen 28.nov.2010 og Kvinnherad Folkemusikklag var inviterte til å delta. I tillegg til koret og oss var det mange gode innslag av unge talent. Då me spelte siste økta var det mange som svinga seg til tonane av "Trønderbrura". Dette sette ein ekstra spiss på arrangementet, ref Kvinnheringen og Uskedalen.net. Vedlagte bilete har me fått frå redaktøren av Uskedalen si nettside.
Diverre vart Arne D. åleine på fela denne kvelden, men det rykte no i dansefoten til fleire likevel.
Ei litt spesiell øving.
Tirsdag 26. okt. 2010 hadde me som vanleg øving. To ting gjorde denne øvinga litt spesiell. For det første møtte Toralv Bjørke opp med nyinnkjøpt forsterkaranlegg til laget og dessuten stillte Arne Jordan denne kvelden og jammen dukka Gunnar Onarheim opp og. Arne J. hadde med seg festgraut så det vart reine feststemningen i pausen. Grunnen var nok ein forsmak på at den gode felespelaren og historieforteljaren lada opp til feiring av 60-årsdagen sin den 28.
Sjå fleire bilete i "Vårt fotoalbum"
Brylluppsfeiring i Sogndal.
Kari Malmanger (som er medlem i Kvinnherad Folkemusikklag) bad inn til "stadfesting av giftarmålet som ho inngjekk ein gong på vårparten". Mellom mange vart Folkemusikklaget bedne og tidspunktet var 7. august. Arne Sunde tok initiativ og fekk desse med: Jakob, Karin, Laila, Dagfrid og Magnar i tillegg til seg sjølv. Me hadde ein flott tur over Vikafjellet laurdagen og heimatt sundagen gjennom Lærdalstunnelen. På garden i Sogndalsdalen var mykje folk samla i eit strålande sommarver med framføring av song og musikk av mange slag. Me i folkemusikklaget hadde ei oppvarming i tunet på ettermiddagen og spelte til lovedans seinare på kvelden. Me vart godt mottekne og var "sjølvtilfredse" då me reiste heimatt. Som det framgår av biletet vart me forsterka med eit ekstra trekkspel. Det er Helene Myklemyr frå Jostedalen som heiv seg med oss når me spelte.
Oppvarming i tunet.
Landskappleik på Voss 2010.
Landskappleiken var i år på Voss frå 23. til 27. juni. Kvinnherad Folkemusikklag var på plass og spelte til dans fredagskvelden i storsalen på Park Hotell. Dansespelinga gjekk fint og desse var med: Irene, Laila, Arne J, Arne D, Kristian på hardingfeler. Karin, Dagfrid og Magnar på trekkspel. Jakob og Gunnar på gitar og bass. Gunnar stillte i staden for Arne S som reiste over there i staden for å vera med til Voss. Han veit at verda er stor, men ikkje at Voss er vidare. Elles hadde me eit triveleg opphald i Bavallen med godt bussamband til sentrum. Det me opplevde av arrangementet gjekk svært bra.
Glade damer på kappleik
Speling på Husnestunet
Onsdag 19.mai var me bedne om å spela på Husnestunet. Røde Kors sine pasientvener står for tilstellinga "Syng med oss" kvar 14. dag og denne dagen var det Kvinnherad Folkemusikklag som skulle ha eit programinnslag. Som vanleg vart det sett pris på musikken vår og me fekk servert kaffi og is etterpå. Det vart og høve til litt øving for oss før me reiste heimatt. Laget stillte med 3 feler, 3 trekkspel, bass og gitar.
Frivilligdagen.
Frivilligsentralen bad lag og organisasjonar stilla på Husnes Storsenter i samband med Kvinnherad Kulturfestival laurdag 13. februar 2010. Kvinnherad Folkemusikklag stillte med musikkinnslag og annan presentasjon. Sjå også under fotoalbum.
Årsmøte med fest.
Årsmøtet for laget vart avvikla 29.januar 2010 i Olaløo. Etter vanlege årsmøtesaker var det lagt opp til diskusjon om framtidig drift. I hovudsak gjekk dette ut på at felene ynskte meir utvikling av felespelet. Det var stemning for at styret skal leggja opp til ei planmessig deling av øvingane slik at felene m.a. får øva på slåttespel minst ein gong i månaden. Laget hadde opna for kven som helst til å vera med på middag og dans etter møtet. Det vart ein hyggjeleg kveld for dei 29 som fekk servert saftig og godt pinnakjøt av Kjersti. Det vart spesielt mange feler med og spelte denne kvelden. Alle faste møtte og i tilleg kom vår trufaste Irene Bjørke heim frå Rauland. Dessutan deltok våre 2 støttespelarar, Johannes Øye og Øystein Kårstad frå Varaldsøy og Arne Jordan frå Odda så tilsaman vart det heile 8 feler. Ja tenk om me kunne stillt så mange til vanleg. Når det gjeld nytt styret, årsmelding, bilder, viser eg til tilhøyrande sider.
Speling for 2 kryss
Onsdag 09.12.09. spelte me for 2 kryss på "Snikkeriet" i Rosendal. Det vart ein vellukka kveld. Først fordi speleoppdraget gjekk greitt og deretter fordi ein del av oss fekk ei kjekk øving etterpå i påvente av at Dagfrid skulle ta siste ferga heim kl 23;30.
Flott gjennomført kulturkveld.
Ja, så er kvelden forbi. 30 frammøtte utanom alle utøvarane. Det virka som at alle var vel fornøgde med kvelden då dei gjekk heim. Eg ,som leiar, tykte me fekk eit godt gjennomført program der alle utøvarane gjorde kvelden til ein ekte folkemusikkveld,- slik som ynskje var. Stor takk til Arne Jordan med sin elev Sondre, Maria Malmsten med koret "Røysterett for alle". Sebastian og Marius Torjusen overaska stort med herleg folkemusikk på Tuba og Euphonium. Etter ei matøkt med ei betasuppe som få har kjent maken til, fekk me m.a og høyra vår eigen Irene Bjørke traktera fela,- imponerande. Me må igjen få takka Grendahuset sin kafègjeng som med sin innsats gjorde dette mogeleg å gjennomføra. Me i Kvinnherad Folkemusikklag kan vel og vera rimeleg nøgde med vår eigen musikalske innsats og ikkje minst med Arne D sin innsats som organisator.
Me gjorde vårt beste. Sjå andre bilete.
Kulturkveld / Folkemusikk
Tida for den tidlegare varsla kulturkvelden vår nærmar seg. Den 24. oktober kl.19 i Herøysund Grendahus er det alvor. Me får med oss "Røysterett for alle" så det vert både song og spel denne kvelden. Det vert diverse innslag av solistar og grupper. Grendahuset sitt kafevertskap vil selja suppe/kaffi og kaker til dei som ynskjer det for kr.50,-. Dei som ikkje har oppdrag betalar kr. 50,- i inngangsbilett.
Me ynskjer alle velkomne til ein kosekveld med song og spel.
Her er eit bilde frå eit oppdrag på "Snikkeriet".
Vestlandskappleiken 2009.
Vestlandskappleiken 2009 vart iår halden i Jostedalen 2.-4.oktober. Vårt supermedlem Kari Malmanger deltok og vann klassen for "Vokal folkemusikk senior". I open klasse fekk ho 2.plass.
Kari er flink til å marknadsføra seg. Dette bildet fann eg på internett.
Kulturkveld med noko attåt.
Folkemusikklaget har i emning ei tilstelling i haust. Førebels dato er sett til 24.oktober. Me har fått tinga bygdahuset i Bringedalsbygda denne kvelden og me har hatt kontakt med "Røysterett for alle" som medspelarar. Det er og mogeleg at me får til eit samarbeid med Leif Thuland når det gjeld tilstellinga. Han har idear om både lag og musikarar som kan vera med.
Set av den 24. oktober og kom gjerne med innspel.
Speling ved Postvegen
21. mai på helgetorsdag er det ynskje om at Folkemusikklaget stiller ved postvegen på Sandvoll. Det vert ei lokal markering av at vegen er ferdig opprusta i dette området. Kor mange som vert med, veit me ikkje enno.
Landskappleik / Landsfestival 2009
Kvinnherad Folkemusikklag har planlagt å reisa til Geilo 25.- 28. juni. 11 av medlemene vert med og me har bestellt hytte i Geilo Fjellandsby, Kikut. Me har meldt oss på dansespeling fredag eller laurdag.
Felekurs i Rosendal 21.03.09.
Folkemusikklaget annonserte kurs for fiolin og hardingfele i Rosendal 21.03.09. Det vart vel skuffande lite påmelding. Men arrangørane, Laila Bokn Seglem, Irene Bjørke og Arne Jordan var likevel nøgde med tiltaket. Irene tok seg av Målfrid Hatteberg og Mathias Bokn Seglem som begge er elevar i musikkskulen på fiolin. Arne Jordan fekk høve til å læra Idunn Uglehus Bøyum å spela hardingfele. Laila Bokn Seglem ordna med det meste av praktisk opplegg og skal ha takk for det. Så er laget så heldig å ha Toralv Bjørke som medlem. Han stiller opp og filmar og fotograferar. Magnar Eide og Laila Gullseth stakk innom med fersk kringle og for å høyra korleis det gjekk. Seinare kom også Arne Draugsvoll med fela så til slutt vart det både speling og dans. Ein kan tenkja seg å gjera liknande forsøk til hausten. Skal ein få rekruttering til laget så lyt ein stå på. Takk for innsatsen ! Magnar.
Årsmøte 2009 i Skånevik
Årsmøte vart halde på Skånevik Fjordhotell 30.jan. 2009. Kristian Bruåsdal sa frå seg vervet som kasserar som han har hatt i mange år. Arne Draugsvoll overrekte ei gåve frå laget som takk for "lang og trufast teneste".
Speling for "To kryss".
Onsdag 10.12.08. gjekk me frå øving over til "Snikkeriet" og spelte for "To Kryss". Me fekk rikeleg med kaker og kaffi og ein blomebukett attåt.
Trimdans på Husnes.
Mandag 10.11.08. spelte folkemusikklaget til trimdansen i kuturhuset på Husnes. Å dansa reinlender og polka er nok god trim,- kanskje i meste laget for ein del av dansarane. Men vals sette dei i alle fall pris på og når han Magnar i tillegg serverte litt tango og swing, vart noko for ein kvar sin smak.
Leif Thuland tok nokre bilete av oss
under spelinga. Det er vanskeleg å få alle med på ein gong. Sjå ogso biletalbumet vårt.
Folkemusikkveld på "Snikkereiet"
Den planlagde "Folkemusikkvelden" på Snikkeriet i Rosendal gjekk for så vidt etter planen.(25.10.08) Men me fekk eit ausande regnver som ikkje var etter planen. Merkeleg nok møtte dei aller fleste deltakarane,- frå Ølve, Mauranger og Odda. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko. Dei kom seg ikkje heimatt om kvelden. Det førde til at me fekk lenger tid til å nyta musikken. Utanom den faste grunnstamma vår fekk me høyra musikk av Arne Jordan som hadde med seg 11 år gamle Liva Sandven Vangen frå Odda. Irene Bjørke hadde to elevar med seg: Ragna Bogsnes og Gina Albrechtson. Kjempekjekt å sjå og høyra på dei som me vonar skal føra denne musikken vidare. Største opplevinga vart vel likevel å høyra på Magnhild Berge og vennina hennar Sara Nagell frå Arizona. Det er nok mange som hadde hatt stor glede av å høyra kva desse to greidde å framføra. Veret får ta ein god del av skulda for at så få nytta høvet til å høyra på. Sjølv om dette vart eit underskotstiltak, så gav kvelden oss meirsmak.
Her ser de Magnhild og Sara Nagell.
Sjå andre bilete i fotoalbumet.
Vestlandskappleiken 2008.
Her er den blide jenta vår rett etter
konkurransespelinga.
Speling på Husnestunet.
Den 8. oktober 2008 spelte me på Husnestunet på pasientvenene si tilstelling. Me stillte med 3 feler og 2 trekkspel. Spelte 5 planlagte nr. Til slutt spelte vår motige felespelar Irene ein slått åleine til stor glede for oss alle.
Ei endå yngre utgåve av Irene.
Folkeleg musikk-kveld 25.okt. 2008
Me har planar om å by inn til ein triveleg kveld for folk som likar folkemusikk, gamaldans, kveding m.m. laurdag 25.oktober i "Snikkeriet" i Rosendal. Programmet er under utarbeiding og Arne Sunde vil leia oss gjennom ymse innslag.
Arne Sunde i kjent stil med bassen.
Tursti langs Guddalselva
Me var 4 som tok del i opninga av tursti ved Guddalselva laurdag 20.sept. 2008.
3 feler og eitt trekkspel,
Kristian, Arne D., Laila og Magnar
Festivalar
Me ynskjer å delta på Blømingsfestivalen i Kinsarvik med dansespeling i mai 2008.
Det vart ikkje dansespeling på oss denne gongen, men Kristian, Egil og Irene fekk høve til å spela litt ilag i friluft.
Endring av øvingsdag
Frå og med 2.september 2008 er øvingsdagen flytta til tirsdagar. Øvinga varer frå kl.1900 til 2130.
Dette var på kappleik i 2004
Faste øvingsdagar
Me har øving kvar onsdag frå kl.1915 på Malmanger skule i Rosendal.
|