– Eg håpar å få misjonera folkemusikk
i Kvinnherad. Draumen
er å ha folkemusikken som ein
ekstra jobb, seier Magnhild
Berge frå Ølve.
Etter å ha levd nokre år
utanfor Kvinnherad, er ho no
tilbake i heimbygda. I løpet av
åra utanfor kommunen har ho
utdanna seg både innan biologi
og folkemusikk. Først tok ho
masteroppgåve i biologi ved
landbrukshøgskulen på Ås, deretter
gjekk turen til Rauland og
to år med folkekulturstudiar
ved Høgskulen Telemark. Ho
har ein periode jobba med bygdeutvikling
i Storelvdal.
Magnhild som har songen
som hovudinstrumentet sitt,
har gått i lære hos kjende kvedarar
som Ragnhild Furholdt og
Unni Boksasp. Ho har og hatt
Sondre Bratland, Frode Nyvold
og Ånon Egeland som lærarar.
Ølve-kvinna var medlem av
folkemusikkgruppa Gjetord
som var på turne i Tokyo i samband
med Edvard Grieg sitt
100-årsjubileum, ein turné som
var sponsa av den norske
ambassaden i Japan.
– Det var berre eit eventyr.
Vi hadde fire konsertar i Tokyo
og to i Osaka. Eg opplevde det
som ei stor ære å få presentera
norsk folkemusikk i Japan, seier
Magnhild.
I tillegg til kveding spelar ho
fløyte og lyre