Arkiv / Gamle nyheter

 

Kvinnherad Folkemusikklag sitt gamle biletarkiv

https://www.box.com/s/4gi7539md89pgxeyjcr4

NB!  Klikk på mappa og så på det biletet ein vil sjå. Klikk på ikonet for full screen nede til høgre og deretter kan ein bla med piltastane oppe til venstre. Ikkje bla i bileta for snart då dei må lastast ned etter kvart. Ein kan i så fall kanskje oppleva at det hengjer seg opp ei stund.

 


Gamle nyheter  (historie)

04.06.2014

Nytt under Aktivitetar og Vårt Fotoalbum

 
13.03.2014
Nyheter på sidene Aktivitetar, Vårt fotoalbum 
og Avisomtale

16.02.2014
Nytt under Aktivitetar - Årsmeldingar -
Organisasjon/Styret

04.02.2014
Oppdatering på sidene Aktivitetar og Vårt fotoalbum

24.01.2014
Nytt under Avisomtale

20.12.2013
Speling for 2X på Snikkeriet.
Meir under Aktivitetar og Vårt Fotoalbum

15.11.2013
Speling på Husnestunet.
Sjå Aktivitetar og Avisomtale.

30.10.2013
Øvingskveld med stort frammøte.
Sjå Aktivitetar og Framsida.

29.10.2013
Osafestival på Voss. Sjå Aktivitetar og Vårt Fotoalbum

07.10.2013

Tilflyttarfest på Husnes.  Sjå under Aktivitetar
 

29.08.2013

Maurangerdagen 2013
Sjå under Aktiviteter, Vårt fotoalbum og Video frå Maurangerdagen.

13.08.2013
Sjå ny avisomtale

11.03.2013
Sjå oppdatert medlemsliste som gjeld frå 01.03.2013.

06.08.2013
Ny oppdatering under Aktiviteter og Vårt fotoalbum.

Folkemusikkveka i Kvinnherad 20. - 27. oktober 2012
Framlegg til vekeplan.
 
http://www.box.com/s/ya6194nvtoz83c7na31i 

Folkemusikkveka i Kvinnherad 20.-27. oktober 2012
Program.
https://www.box.com/s/fgwl396ud5vl7xzawdkk

 

 20.03.2013
Ei helsing i Vår gjestebok i dag frå Nina Løager, RAS i Danmark.

28.02.2013
Dans,spel og song - alt pao ein gong 2013.
Hardanger Spelemannslag inviterar til kurs i Granvin 15.-17. mars 2013 for alle mellom 10 og 103 år.
Fredag kveld vert det konsert med Ottar Kaasa i Holvenstova, laurdag vert det kurs i dans, spel og song på skulen i Granvin og konsert og dans i Løo om kvelden.
Sjå meir utfyllande opplysingar på vedlagde linkar.

http://www.hardingfolk.no/
https://www.box.com/s/mcy1unr9ktv0royi0781

01.10.2012
Folkemusikkveka i Kvinnherad 20.-27. oktober 2012
Program.
Sjå under: Aktuelle linkar - Diverse


08.05.2012
Hei alle saman
Den 16. mai kjem Ringkøbing Amts Spillemænd frå Danmark på besøk til Kvinnherad. (tilsaman 38 stk.)
Dei kjem seint onsdag kveld og skal bu på Rosendal hyttetun på Løfall. 17.mai vert dei i Rosendal og skal opptre både der og på Seglem skule.
18. mai vil eg syna dei rundt i Rosendal og nabobygdene.

Om kvelden 18.mai kl. 19.00 inviterer Kvinnherad Folkemusikklag til fest i Olaløo i Mauranger. Også ikkjespelande medlemer og andre interesserte er hjarteleg velkomne dit. Sal av rømmegraut og spekemat.
Dersom det vert fint vær, går vi til Bondhusvatnet og får sendt opp instrumenta med bil slik at vi kan spela litt der. Oppmøte ved vatnet kl. 17.30.
Laurdag 19.mai vil Egil ta gjestene med til ytre luten.
Eg ser fram til hyggelege dagar med danske spelemenn.

Med venleg helsing
Arne Sunde

Heimesida til dei danske gjestene er:
http://ras-spillemand.dk/


20.04.2012
Hei Folkemusikkvener!
I regi av Folkemusikkveka arrangerer fylkesmusikkarane i samarbeid med Kulturkontoret i Rosendal 5 tysdagskveldar i både spel og dans.

NB! fyrste kurskveld vert ein onsdag.

Det er i utgangspunktet tenkt eit spelemannskurs med slåttar, men kanskje dei deler kurset i to når dei ser kven som er påmeld.
Det er pr. i dag påmeld 12 personar til spelemannskurset. 5 av dei har særleg nevnt dette med slåttespel.
Kursa skal vera samstundes og går føre seg i Uskedalen.

Tidspunkta er: 2. mai (onsdag) - 8. mai - 15. mai - 22. mai og
5. juni.
29. mai går ut. Den dagen skal det vera konsert med Jon Faukstad og Per Sæmund Bjørkum som vi reknar med at mange vil høyra på.

Det er førebels ingen som har meld seg til dansekurs.

Påmeldingsfristen går eigentleg ut den 20. april, men den kan tøyast i.

Kan alle vera med å reklamera for kursa? Det er ein unik sjanse til å få litt blest om folkemusikk og dans.

Helsing frå Karin etter oppmoding frå Kristian Bringedal og Arne Sunde.


06.03.2012
Oversikt over det nye styret for 2012 og Årsmelding for 2011 er lagt inn no.

03.01.2012
Folkemusikkveka i Kvinnherad 20. - 27. oktober 2012
Framlegg til vekeplan.
Sjå under: Aktuelle linkar - Diverse




KRISTIAN BRUÅSDAL FYLTE 90 ÅR DEN 3. AUGUST 2011.

 
Laget ble bedt på flott fest i Snikkeriet i lag med familen og andre vener. Det vart ei svært hyggelig feiring.
 
LEIAR OPPNEMNDE KRISTIAN TIL LAGET SITT FØRSTE ÆRESMEDLEM.
Kristian har ein fantastisk god hugs og godt gehør. Det er han som kjem i hug låtane vi andre gløymer. Framleis lærar han seg nye slåttar etter noter og spelar godt på Hardingfela. Han har vore med i laget sidan starten i 1993, og vore ein perfekt kasserar i dei fleste av desse åra.
 



Landskappleiken 29.juni -3.juli i 2011 i Seljord
Kari Malmanger gjorde ein kjempejobb i klassa vokal A på fredag. Ho fekk 124 poeng og kom på fjerde plass. Kari syng for Kvinnherad Folkemusikklag og for Sogn spel og dansarlag. Vi gratulerer og er svært stolte av å ha Kari med oss!