Øvingar/Speleoppdrag/ ol.
Årsmøte på Voss 2017

4. februar var det årsmøte i Kvinnherad Folkemusikklag.  I  år var me samla på Fleischers`Hotel på Voss.

Me var 8 personar som hadde teke turen til Voss denne laurdagen, i eit fantastisk fint vær til å vera på denne tida av året.

Årsmøtet starta kl. 18.00, der ein som vanleg drøfta tradisjonelle årsmøtesaker.  Middagen fekk me servert kl. 19.30. Den bestod av suppe til forrett, fisk som hovedrett og sjokolademousse til dessert.

Etter at me hadde ete og maten hadde sige litt ned i magen, drog me ned til hyttene som me leigde. Ei av dei var samlingsstad for spel og underhalding utover kvelden og natta.

Etter ein god frukost neste morgon, reiste me heim igjen i minst like fint vær som då me kom opp.

Referat frå årsmøtet vert sendt ut seinare.

Nokre fleire bilete frå årsmøtet ligg under Vårt fotoalbum.

Frå årsmøtet i Kvinnherad Folkemusikklag på Voss 04.02.2017
Reportasje om Kvinnherad Folkemusikklag 26.sept. 2016

Som tidlegare skrive, så hadde me besøk av Mona Grønningen, journalist i bladet Kvinnheringen, den 13. sept. 2016.

No er reportasjen hennar om Kvinnherad Folkemusikklag komen på trykk. Dei som ikkje held bladet Kvinnheringen og kan lesa det der, kan lesa det på heimesida her.

Gå fyrst til linken Avisomtale for meir info.

KJEKK GJENG: Her ser du nokre av dei aktive musikarane i Kvinnherad Folkemusikklag med dei flotte instrumenta sine. Fv.: Øyvind Hardeland, Karin Thauland, Laila Bokn Seglem, Jakob Gjerde, Arne Sunde og Hildegunn Nepstad.
Fyrste øving etter sommarferien 2016
Denne kvelden, tysdag 13. sept., hadde me besøk av Mona Grønningen, journalist i bladet Kvinnheringen. Ho var komen for å skriva litt om Kvinnherad Folkemusikklag og prøva å gjera ein liten blest om laget.

Me treng fleire aktive musikarar som har lyst å vera med å spela i lag med oss. Følg med i Kvinnheringen dei næraste dagane.

I tillegg hadde me besøk av ein kar frå Russland som har vore på Gygrastol feriegard på Enes ein månads tid. Han spelar trekkspel og var invitert til oss på øvinga denne kvelden. I tillegg til å høyra litt norsk folkemusikk, underheld han også med nokre melodiar. Det var tydeleg at det ikkje var fyrste gongen han trakterte eit slikt instrument.

Og ikkje minst så møtte Hildegunn opp igjen med hardingfela si, no etter at ho flytta tilbake til Ølve. Det var gode nyheiter no når laget treng fleire musikarar.

Alt dette til saman gjorde det til ein positiv øvingskveld.

På øvinga tysdag 13. sept. 2016, var Mona Grønningen, journalist i bladet Kvinnheringen, på besøk hos oss for å skriva ein reportasje om laget.
Siste øving før sommarferien 2016

Denne kvelden fekk me besøk frå Odda, av Arne Jordan med elevane sine, som held ein flott konsert for oss. Det vart både solist og gruppespel. Dyktige elevar, noko som skuldast eit aktivt spelemiljø med Arne Jordan som pådrivar og flink og engasjert lærar.

Foreldrene til elevane var og med denne kvelden. Det er viktig at foreldrene er med og støttar opp om borna med bl. a. køyring både til øvingar og speleoppdrag.

Det blei også tid til litt samspel med alle saman.

Heidersgjesten vår Kristian Bruåsdal, var også med oss denne kvelden. Laila hadde baka nydeleg kake i tillegg til litt innkjøpt mat, så me hadde ein fin matpause med mykje godt prat.

Arne Jordan og elevane nytta også denne stunda til å takka kvarandre for eit bra og lærerikt vårsemester.

No er det sommarferie for laget våras og så får me sjå kva tid det blir starta opp igjen etter ferien.

God sommarferie til alle.  

Besøk frå Odda 07.06.2016. Arne Jordan med elevane sine.